Me flykta fraa byen larm med nattoget til Da Nang.. Me fekk jo sjolvsagt problem med bussbillettane som me hadde bestilt til resten av turen (Dei var ikkje laga til, sjolvsagt), men skal henta dei i Hoi An.. Togstasjonen var full av folk og me hang oss paa to andre backpackere for aa finne toget.. Ein mann kom bort til oss og skulle hjelpa oss med aa finne fram, me gjekk utifraa at han jobba paa stasjonen.. men daa me var komen inn i vogna, saa skulle han soren meg ha betalt (50 norske kroner!!!) me blei forbanna og gav han berre 10 kr.. Blir so irritert paa saane ting..
Da va ei knalllita vogn, men koysenger.. Ein eldgammal mann, ein familie og ei sur dama.. Me fekk dei nederste koyene, tida gjekk veldig fort.. Me sov heile natta og morgonen var behagelig.. Me fekk etterkvart kontakt med dei "innfodte" og provde aa kommunisera via lonely planet boka og ordspraak.. Da me fekk ut av da var at dei syns me hadde tunge sekker og at me var sostre, hehehe.. Men dei var til god hjelp naar me skulle finna ut naar me var framme..
Vel framme fann me oss eit hotell, pruta ned prisen paa rommet fraa 12 dollar til 8 dollar, saa var stolt over oss sjolv daa.. Me held framleis paa dan gode standarden som i Hanoi.. Me har bestemt oss for aa koyra eit litt meir risky lop enn tidligare angaende mat, saa no et me salat, oppskjaert frukt og isbiter.. Gaar veldig bra! Me traff dagrun paa kvelden ( Gjekk i klasse med ho paa Gymnaset) saa me blei invitert paa ein svaer bursdagsfest paa stranda (Ho gaar paa skule med 50 andre fraa skandinavia) Me drakk for forste gong paa lenge og smakte masse flotte og rare drinkar.. da blei ei lang natt og me storkoste oss :)
No comments:
Post a Comment