Var forste skikkelige dag her i Vang Viang bestemte me oss for aa leige sykler og finna ein badeplass, dei ligg ofta knytta saman med hulene som er i fjella her.. Me starta i 10-11 tida, men allerede daa var da skikkelig heitt! Skiltinga stemte ikkje, stod 6 kilometer paa kartet, men var vel heller 10-12 i virkeligheta.. Vel framme vart me mott av inngang med betaling.. og etter aa ha klatra langt opp i fjellet fann me ein stor opning.. visst var det huleinnganger, men inga "blue lagoon" aa symja i.. skuffa reiste me tilbake og bestemte oss for at me aldri meir skulle betala for noko saant lenger!
Me kosa oss i skuggen utanfor resepsjonen paa madrasser og puter.. Dagen gjekk fort og trur du ikkje Islandske Einar dukka opp igjen. Da e heilt utrulig. Samme hotell i chang rai, samme slow boat, traff han paa gata i Luang prabang og no paa bungalowen vaar i Vang viang..
Me hadde eit fantastisk maaltid paa ein indisk restaurant og fekk snakka masse med vaar islandske venn.. Norge og Island er ganske likt, men han hadde mest positivt inntrykk av Norge :D
Detta skjedde altsaa igaar.. Og idag gjekk me langt til fots for aa finna ei anna grotte og badeplass, men dei tok ogsaa betalt.. Og mannfolke maate guida oss til badeplassen og frista ikkje saerlig mykje aa bade foran dei, aesj.. Satt i skuggen paa hotellet og naut livet.. Therese sov ettermiddagskvil og eg las bok i hengekoya, livet kunne ikkje vera betre.. Og i kveld fant me ein restaurant som bruke flaskevatn til alt, saa me kunne nyta ei fantastisk lemonshake og fruktsalat. God natta folkens :)
Her er bilder fraa desse to dagane, da e endaa meir idyllisk i virkeligheta enn paa bildene, hehe.. : http://www.flickr.com/photos/mguevara/sets/72157594537179005/
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment