Yess, etter ei god natt (ekstremt varm natt, dei stenger straumen i heile landsbyen kl.22 om kvelden, saa null vifte og null lys om morgonen). Me hadde bestilt frukost paa samme koselige plassen og eg provde bananpannekaker, var knallgodt og knallmektig. Ingen av oss har blitt daarlige i magen, saa bank i bordet!
Me gjekk paa baaten ein time forr den gjekk for a sikra oss gode plasser, men viste seg at dei siste fekk den beste baaten, typisk, men men, me hadde godt selskap paa baaten, mellom anna Einar fraa Island. me budde faktisk paa samme hotell som han i Chiang Rai, han e faktisk saa gammal som 30 arr og har vore i alle verdsdelane, no paa veg inn i ein 1-aar lang reisa, respekt!
Baaten klarte jo aa gloyma styrmannen, skjonne ikkje korleis da e mulig, men va iallefall full panikk og me kraesja nesten inn i ein anna baat. men da ordna seg til slutt :) Byrjinga av turen var kald (saa takk for laanet av fleecen din tomas!) men i slutten var da hot hot hot! Me satt i baaten i 8 timar i dag, imotsetning til 6 timer igaar. Me snakka med folk, las bok, hoyrde paa musikk, satt paa baatkanten og naut utsikta eller bli brun.
Da var godt aa koma frm etter aa ha kjent tresmak i rumpa i lange timar.. Luang Prabang er Laos sin nest storste by og er ikkje langt saa masete som nord thailand. Me fann eit rimelig hotell etter eit par minutter, slappa av litt og sett paa markedet. dersom nokon der heima er interresert i silkesjal, smykker eller anna, saa er da berre aa koma med onske, tenkte aa senda heim i ei pakka :)
No Sitt eg paa internett i Luang prabang og har store problem med aa laste inn bildene mine, saa dei kjem etterkvart, men her er eit lite kaotisk utvalg: http://www.flickr.com/photos/mguevara/tags/laos/
Klem! (Og ikkje ver urolig dersom eg ikkje gjev pip fraa meg for laos e ikkje heilt paalitelig paa telefonnnettet..)
No comments:
Post a Comment